Kranse-Kari sprer glede

Kari Slettahaug lagar flotte kransar, og merkar at ho får gode tilbakemeldingar.

Ute i blesten: Kranse-Kari er ute og sankar einer og kongler i all slags ver.  Foto: Marit Tynnøl

Nyheter

– Eg likar å lage ting, og har laga kransar i fleire år, men fyrst i fjor tok eg mot til meg og byrja å annonsere på Facebook, fortel Slettahaug. I starten laga eg jo berre kransar til meg sjølv og vennene mine, men det er begrensa kor mange kransar ein treng, ler ho.