Borna øver til adventskonsert i Lesja kyrkje

No nærmar advent seg, og kormedlemmane i Lesja barnekor øver i kyrkja.

Ein glad aspirantgjeng gler seg til songøving: Bak frå venstre: Anna Ovidie Flittie, Lotta Båtstad, Eline Hoksvold, Victoria Evjen Tråsdahl, Karoline Hoksvold. Framme frå venstre: Martin Hailemariam, Ingrid og Freya Græsdahl Zilcken, Erika Lotten, Ane Grev Thøring, Solveig Bjorli.   Foto: Marit Tynnøl

Nyheter

Det er aspirantane som øver fyrsteøkta. Etterpå skal dei eta lunsj saman med dei store koristane, som øver etter lunsj. Adventskonserten vil vera sundagskvelden, og dei vil få musikalsk støtte av Iver Holsbrekken på trombone og Erlend Grønbeck på piano.