Ungdommane i Norddalen inkludert Fron møttest:

Endeleg fotballturnering i Ottahallen att

Etter eit års koronapause, kunne idrettslina på Otta igjen invitere alle ungdomsskulane i regionen til vennleg kappestrid, med fotballen i sentrum.

Artig å spela turnering att: Lesjaskogjentene forsvarar seg.  Foto: Marit Tynnøl

Nyheter

Det er travel stemning i Ottahallen, der folk går inn og ut for å få med seg kampar eller sjølv spele, og innimellom kjøpe seg noko godt i kiosken. Frå tribunen ser ein godt kampane, der det til tider går heitt for seg. Ballen fly veggimellom, og dommarane plystrar. Tavlene viser kva lag som speler og det foreløpige resultatet, og i tillegg gjev speakertenesta god informasjon.