Klage frå lokale lag:

Lesjas ordinære kulturmidlar hamnar i andre bygder

Sju lokale foreiningar i Lesja har sendt klage til kommunen etter årets tildeling av ordinære kulturmidlar. Dei meiner ein for stor del av potten går ut av kommunen.

Forstår argumentasjonen: Oppvekstsjef Anne Lene Engum trur at politikarane vil ta opp retningslinene på nytt.  Foto: Monica Hjelle

Nyheter

Det er Lesjas lokale kor og korps, og dessutan toradergruppa og seniordansen, som i sitt brev til kommunen stiller spørsmål ved tildelinga. Dei spør om retningslinene er følgt, og om dei eventuelt bør endrast.