Bål og faklar på Lesja:

Tradisjonell nyttårsfeiring

Ved tusenårsskiftet brann det bål ved mange vettar i landet vårt. Lesjingane er av dei ganske få som har halde tradisjonen varm i over 20 år.

Med fakkel: Ole Sigvart Møller (11) var yngste deltakar i år, fleire kjem bak. 

Nyheter

Vanlegvis er eldkula synleg over store delar av Lesja. Mange har glåmt opp, før dei laut gå inn fjøsdøra. Ei særs stor julestjerne og ei fakkelstripe nedover fjellsida har gleda bygdefolket i over 20 år. Dette året var ikkje vergudane så greie, så det vart eit særs lite fakkeltog ned att frå bålet oppe ved Avdemsvigga. Ein får tru lesjingane kjem sterkare att neste år.