Fem bedrifter har gått saman om å spleise på hjartestartar

– Vi håpar jo at vi ikkje får bruk for han, seier Steinar Moldal ved senter for bygdekultur på Dovre, om den nye hjartestartaren som er plassert utanfor gulbygget på Hjerleid.

Spleis: Fem bedrifter ved Hjerleid har gått saman om å spleise på hjartestartar. Her representert av Njål Andreasen ved Kvass AS, Steinar Moldal ved Dovre handverkssenter, Kate Lillesletten ved senter for bygdekultur og handverksskulen Hjerleid, og Njål Nyløkken ved Snøhetta Regnskap.  Foto: Simen Rudiløkken

Nyheter

Det store arealet som rommar handverksskulen og senter for bygdekultur husar også eit av lokala til Snøhetta Regnskap, Dovre handverkssenter og handverksbedrifta Kvass. No har dei fem gått saman om å spleise på hjartestartaren.