Reidar Marstein og Kjell Bengtsen har fått i oppdrag å lage to ski etter modell av den eldgamle skia. Dei er godt i gang med arbeidet.

Brukast i undervisning

Det er ei spesiell ski. Ho vart funnen 1700 meter over havet, er 1,72 meter lang og heile 15 cm brei på det breiaste. Bindinga var delvis intakt. Det er Norsk fjellmuseum som har bestilt seg det rekonstruerte skiparet.

– Skiene vil bli blant anna brukt i undervisningssamanheng. Den originale skia får ingen ta i, naturleg nok, men kopiane kan elevane lyfte og kjenne på alt dei vil, fortel Dag Inge Bakke, naturveiledar hjå Norsk fjellmuseum.

Prøvekøyring

Den originale skia blir bevart på fjellmuseet i Lom, etter Norsk Kulturhistorisk museum er ferdig med å undersøkje ho.

– Og når skiparet er ferdig, skal dei prøvekøyrast?

– Ja, da skal vi prøve korleis dei er. Det ser vi fram til, svarar Bakke.

Han fortel at dei i november neste år skal arrangere eit stort skiseminar på Norsk fjellmuseum, eller Utgard, kanskje, dersom interessa blir stor nok.

Jaktteknikk

På skiseminaret vil desse skia – og andre – bli ein del av opplegget.

– Blir det prøvekøyring der skia vart funne?

– Det kan vere aktuelt, det hadde vore artig å fått til noko med Lesja på dette. Det er der røta til skia er, seier Bakke.

Han gler seg til skia skal testast. Sjølv om det blir vanskeleg å bevise korleis skia vert brukt nøyaktig, kjenner dei til at teknikkar der jegaren går ovanfor reinsflokken og slepper seg ned på ski, skal ha vore nytta før og blir brukt i Russland i dag.

Nøye arbeid

Reidar Marstein og Kjell Bengtsen stortrivst med oppdraget. Dei likar båe å arbeide med hendene, dei er båe opptekne av fjell- og skigåing og ikkje minst er dei båe svært interesserte i historie.

– Dei hadde reiskap den gongen òg, ulikt utstyr av jern, slår Reidar fast. Dei to karane er svært nøye på det dei er i gang med. Den originale skia er saumfart og studert og målt frå alle kantar, slik at det rekonstruerte skiparet blir akkurat like eins.