Det var fornøgde elevar som kunne hente seg frukt på Lesjaskog skule torsdag.

Sidan skulestart har det vore slutt på den årelange kommunale skulefruktordninga. Dette fann Elisabeth Kjønsletten ut da ho og fleire frå Lesjaskog bygdekvinnelag serverte skulefrokost til elevane på skulen i haust. Bygdekvinnene sette frampå oppskore frukt og grønt, og elevane kosa seg stort.

- Det er for gale at dei ikkje har tilgang til frukt, tenkte Elisabeth, og bestemte seg for å gjera noko med det.

Spørsmålet gjekk til andre lag og foreningar i bygda, om dei kunne tenkje seg å vera med på eit spleiselag. Alle sa ja.

Lurt med frukt

Torsdag var dei første eplebitane delt ut. Takka vere Sanitetsforeningane på Lesjaskog og Lesjaverk, Lesjaskogsvatnet fiskeforening, Ny giv i Lesja vest, Lesjaskog viltlag, Lesjaskog bygdekvinnelag og Lesjaskog handelsforening vert det servert frukt ein gong i veka. For å gjere frukta meir fristande vert ho delt opp, det er mat og helseelvane i 5. og 6. klasse som har ansvaret for å gjere dette for dei 77 elevane på skulen.

- Eg synes det er lurt å få frukt, seier Anna Olea Bakken, som saman med klassekamerat Morten Skotte er godt i gang med fruktarbeidet.

- Det blir sunnare for oss, legg Morten til.

Glede blant store og små

- Det er positivt at vi kan vere med på dette. Dette er noko heile bygda får stor glede av, seier Jorunn Krokrud, som representerer sanitetsforeninga.

Det er ein liten kostnad for kvar forening, som gler mange er folket bak enige om.

- Det er også læring i dette, elevane lærer å dele opp og beregne. Og det er større sjanse for at det blir ete dersom det er i bitar, seier Laila Brøste frå bygdekvinnelaget.

- Det er fantastisk at lag og foreiningar vil gi oss denne gode frukta. Det set både store og små stor pris på, seier Aadel Skotte, lærar ved Lesjaskog skule.

Ordninga med frukt kvar torsdag vil vare fram til skuleslutt, da vil det bli gjort ei evaluering.

Morten Skotte og Anna Olea Bakken i full gang med å ordne frukt til medelevane sine. Foto: Lokalavisa Vigga
Fornøgde elevar på Lesjaskog skule får frukt frå lokale lag og foreningar. Foto: Lokalavisa Vigga