Denne gjengen blide russejenter troppa opp på Vigga sitt ottakontor denne veka.

- Vi vil vera snill russ, og prøver å vera snille heile tida, fortel dei. Av snille ting dei har gjort nemner dei i fleng; å spandere menthos på togpassasjerar, kjøle ned andre russ på ein varm dag, dele ut russekort til småungar, og late nokre til og med få lov til å vera med på ein køyretur.

- Og så var vi veldig ordentlege på russetreff, seier dei samstemt. Trass i lite søvn er jentene sprudlande blide i vårsola.

Krav

Å vera russ er hardt arbeid, og særleg når det kjem til innkassering av gjennomførde russekrav.

Til Vigga kom dei etter overnatting i ein lærarhage, med påfølgande servering av egg og bacon-frokost til den utvalde. Nokre av dei streva også med russekravet bygg og et tre kinderegg på tre minutt, og et seks bamsemums på eitt minutt.