På Jora Industriområde, i Dombås Maskinstasjon sitt pauserom, heng veggane no fulle med bilete ho har teke. Moskus og Snøhetta dominerer.

Kameraten

- Eg starta fotograferinga med mobiltelefonen for nokre år sidan, og dagen etter femtiårsdagen min, gjekk eg til innkjøp av kamera. Eller kameraten min, som eg kallar det, fortel ho.

Helst går ho på fototur aleine med denne kameraten, slik at ho kan ta seg tid og studere motiva ho finn overalt.

- Det er nesten plagsamt, for eg ser jo motiv over alt. Det kan nok bli kjedeleg å vera med meg på tur, for då må ein vente, seier ho.

No ønskjer ho folk innom i galleriet. Kanskje berre for å slå av ein prat og titte, eller finne julegåver?

Attendemeldingar set ho pris på. På sida si på facebook ser ho kva folk likar best. Det er stort sett dei lokale motiva.

- Det er artig å få respons, og kaffe har eg, det er berre å koma, seier ho.

Moskus og Snøhetta

Favorittmotivet er Snøhetta. Det majestetiske fjellet blir gjerne fotografert minst ein gong i veka. Dessutan er det flotte motiv i Grimsdalen, på Dalsida og langs Lesjaleira, kan ho fortelja.

- Vi dreg ofte på tur med bobilen, og i sommar reiste vi frå Nordkapp til Lofoten i finvær, fortel ho.

Ellers blir det også meir eksotiske motiv, for saman med mannen Åge reiser ho til huset deira i Puerto Rico på Gran Canaria, når det vintrast her. I år går turen nedover fyrst i desember.

Men moskus har dei ikkje der. Store bilete av urdyret er godt representerte på veggane.

- Det var ei stor oppleving, då vi fekk melding om at det gjekk moskus på Hagesetra. Spennande, og eg vart godt nøgd med bileta, seier ho.

Foto: Lokalavisa Vigga
Til det vesle galleriet kan ein koma berre for å sjå, eller finne ei lur julegåve. Foto: Lokalavisa Vigga
Siv J. Haugen med kamera, eller kameraten, som ho kallar det. Foto: Lokalavisa Vigga