Martin Kvatningen gjekk heilt til topps da norske twintip-håp møttes i Ål i helga for å konkurrere i bigair.

Det andre rennet i Norwegian Open gjekk av stabelen i Ål i helga, der ungdommar frå 13 år og oppover møttes til knivskarp konkurranse. Dette er ein twintip-cup med fire renn som blir gjennomført på ulike skianlegg i Noreg, og av det gjevaste utøvarar i denne årsklassa kan vinne. Utøverane samlar poeng for å kvalifisere seg inn til NM (Norwegian Master) i bigair og slopestyle.  Martin Kvatningen (14) frå Dombås gjekk like greitt heilt til topps på seierspallen i klassa 13-15 år.

Også Stian Nerland Killi (14) frå Dombås gjorde eit godt renn, og kvalifiserte seg til finalerunnet. Han endte på ein sjetteplass og fekk med seg poeng i cupen. Lagkameraten Petter Ulsletten (14) deltok òg, men greidde ikkje kvalifisere seg til finalen denne gongen. Ingen av gutane deltok på åpningsrennet i Nesbyen før jul, og har difor ikkje poeng med seg frå tidlegare.

Tredje rennet i Norwegian Open er neste helg på Geilo, men da er det usikkert om dei får anledning til å delta. Fjerde og siste rennet i cupen vert arrangert på Dombås helga tolvte til trettande mars, og med god plassering her er Martin garantert plass i finalerennet i slutten av m. Om Stian og Petter presterer har også dei sjanse til å bli med og konkurrere om tittelen Norwegian Master. Vi vonar at mange møter opp på rennet på Dombås og heiar fram twintip-håpa frå Dombås.