Etter at Dovre kyrkjelege råd fekk ei generøs gåve frå Per G. Brekken på 1,5 millionar kroner i fjor, såg dei at orgelet endeleg kunne bli realitet. For å få istand eit nytt orgel, trengs det dobbelt så mykje pengar.

Første enkeltbeløp

Det første enkeltbeløpet som var merka nytt orgel i Dombås kyrkje, var det Rønnaug og Arne Ekren som gav. I 2009 starta offisielt innsamlingsaksjonen, og no står summen på snart 1,7 millioner kroner. Målet er tre millionar kroner.

Rønnaug og Arne har vore med i soknerådet tidlegare, og Synnøve Toven som sit i soknerådet, skryt av innsatsen deira.

– Rønnaug stiller alltid opp, både med bakst til kyrkjekaffe og pynting i kyrkja. Ho har gjort mykje, rosar Toven.

Sjølv hugsar Rønnaug då presten kom attende til Dombås i 1945.

– Då var Hans Jordhøy kyrkjetenar, og Skåre var prest. Kyrkja var full av folk, og like før messa skulle starte, kom Jordhøy og jaga oss ut. Då skulle nemleg presten låse opp døra sjølv, mimrar Rønnaug.

Bøsser og andelsbrev

No vil soknerådet i Dovre at kyrkja skal få nytt orgel etter 75-års jubileet. Dei fekk i 2009 «pipebøsser» av Arild Dalseth, noko dei har sett stor pris på. Dei fire bøssene har stått i kyrkja og på tre stader i sentrum.

– Alle monner drar, men skal vi nå målet, må fleire bidra med litt større summer, er soknerådets orgelkomitees klare oppmodning.

Derfor har dei no laga andelsbrev, der både bedrifter og private kan kjøpe andelar i orgelet.

Tilstandsrapport

Orgelet i Dombås kyrkje er bygd i 1969, men er av dårleg kvalitet og ikkje tilpassa kyrkja. Orgelet er eigentleg beregna på ei mindre steinkyrkje. Kantor Hans Jacob Tronshaug frå Tynset var ei heil veke i Dombås kyrkje i fjor, og laga ein tilstandsrapport om orgelet. Tronshaug er ikkje imponert over orgelet, og skildrar mellom anna at det har svært begrensa klang, er nedslite og at det bør bytast snarast råd.

– Det er godt vi har Jørgen Brandli som stabil organist, og som kjenner orgelet, seier Steinar Botheim, leiar i soknerådet og med i orgelkomiteen.

– Vikarar likar ikkje orgelet, og det hender seg dei spelar feil. Det er ikkje noko bra, seier Elin Marit Angard, også med i orgelkomiteen.

Håpar på garanti

Soknerådet har knytt kontakt med domkantor Kåre Nordstoga frå Oslo, som skal vera konsulent i arbeidet.

– Eit ordentleg orgel held i hundrevis av år, det er det vi no vil ha. Hadde det berre vore storleiken på orgelet kunne vi bygd det ut, men det er ikkje tilpassa denne kyrkja, seier Angard.

– Hvis vi no får samla to millionar, håpar vi å få garanti frå kommunen. Vi har vore i positiv dialog med dei, seier Botheim.

Sjølv når pengane står på bok, er det ein lang prosess før eit nytt orgel kan avdukast. Det vil gå omkring eit halvt år på ein forprosess, som blant anna inneber å finne ein orgelbyggar.

Tek tid å bygge

Utforminga av det nye orgelet må også passe inn i kyrkja, og må godkjennast av biskopen.

– Vi håpar å få på plass eigendelen vi treng i løpet av eit halvår, så vi får starta prosessen, seier Angard.

Så kjem bygginga, og då må kyrkja stenge ei periode. Det vonar orgelkomiteen folk taklar, når dei då får eit splitter nytt orgel.

– Vi ser på det som eit løft for Dombås som tettstad. Kyrkja er viktig som kulturarrangør, og dette vil gje nye moglegheiter for arrangement, poengterer komiteen.

I høve 75-årsjubileet til kyrkja, som blir feira i helga, skreiv Vigga om historia til kyrkja førre veke. På 1920 og-30-talet samla folk inn nesten 50 000 til bygging av kyrkja.

– Når dei greidde å skrape saman slike summer då, meiner eg det må vere mogleg i dag. Dei fleste har råd til å bidra noko, seier Angard.