Mannen har i følge operasjonssentralen i Gudbrandsdalen ikkje hatt noko trøbbel, men har ikkje fått sendt GPS-signal som lova til familien.

– Folk stolar blindt på teknologiske duppedittar, det er ikkje støtt det fungerar i fjellet. Mannen held fram jakta, han mangla å felle eit dyr, opplyser Geir Stavheim ved operasjonssentralen.

Familien til mannen meldte frå til politiet natt til torsdag, fordi dei var uroa, då ei hadde ikkje fått livsteikn frå han sidan onsdag føremiddag. Røde Kors leita etter mannen torsdag.