Torsdag møtes bønder og restaurantørar med sans for dei lange linene - i allefall i kurasesamanheng, til seminar på Kongsvold på Dovrefjell.

Selskapet Ur-fe AS leverer kjøttråvarer frå dei gamle norske kurasene, som dølafe, sida trønderfe og telemarksku.

Ku i utmarka

No vil selskapet oppmode bønder med godt tilgang på utmarksbeite til å bli produsentar i dette segmentet.

Dagleg leiar Ola Hammer Langleite meiner føresetnadene i Nord-Gudbrandsdalen må vera av dei beste.

- Det er potensiale for lønsemd i slik drift, dersom ein har beite. Dette har vi i samarbeid med Tine og Nortura sett opp kalkyler for, som vi legg fram på seinaret, seier han.

Han meiner utmarksbeitet i mykje større grad blir utnytta av desse rasene, som nyttar godt det foret dei får. Han illustrerer den allsidige beitebruken med eksempel frå eigen gard i Trøndelag.

- Eg har elgvald, og der er det inngjerda eit beite for kyrne mine. Inanfor gjerdet der fins det ikkje elg, medan det er elgskit rett utanfor krøttergjerdet, fortel han.

På seminaret torsdag blir det dugurd med ur-fe på menyen, foredrag om beiting og kjøtkvalitet, kalkyler og historie om dei gamle mjølkerasene.