Konstituert dagleg leiar av Ottamartnan, Hilde Rødølen, sit att med mange kjensler etter årets kraftprøve.

Eit besøkstal på 13.000 totalt er ikkje kva dei hadde von om, men ho tykkjer dei har prøvd å få til ei forandring, utan å nå heilt igjennom hjå folk. Torsdag, fredag og sundag var stille dagar, sjøl om handelen nok var bra på laurdag, i følgje Rødølen.

Underhaldning

- Vi har satsa mykje på underhaldning, og ville gje folk valuta for pengane, seier ho. Fleire arrangement, mellom anna fire framsyningar av martnasrevyen og ein ”taterkveld” med foredrag og viser i kulturhuset, og mange programpostar med både musikk og foredrag i lavvoen sto på programmet.

- Vi hadde noko for alle aldre, og alt var gratis. Og dei som var der, kosa seg jo, seier Rødølen. No står evalueringar for tur, både i martnaskomiten og i styret. Og frå utstillarar.

- Ikkje så mykje vi kan få til på eit år, og martnashandel er ikkje det same lengre, som da folk venta på martnan for å gjera gode kjøp. No har jo butikkane sal heile året. Så kva er att då? Underhaldning og dyr? Ein må ikkje gløyme at vi gjer jo dette for lag og foreiningar, det er dei som eig martnan. Men vi er tydelegvis på eit blindspor. Evaluering, rett og slett, seier ho.