Nesten 200 år gamal bok har funne vegen heim
Ein dag i mai gjekk Oline Åssveen (23) frå Lesja inn i ein bruktbutikk i studiebyen sin Oslo og fann noko ho ikkje kunne tru var sant; ei gamal matematikkbok datert 1826 med orda «Tosten Haugen fra Dovre» skreve på fyrstesida med snirklete lykkjeskrift.