- Vi har fått ein halvtime, og skal mellom anna syne ein film som syner argumenta våre på ein slåande måte. Dessutan har vi prata med alle medlemmer i utvalet og fylkestinget, fortel Børge Wilhelmsen, som er sentral i arbeidet i arbeidsgruppa.

Gehør hjå fylkestingsmedlemmar

Han fortel at medlemmene i arbeidsgruppa har møtt mykje gehør hjå fylkespolitikarane, men at det sjølvsagt er langt derifrå til eit vedtak.

Førre veke la fylkesopplæringssjef Inge Myklebust fram ei innstilling som går ut på å leggje ned studiespesialisering ved Hjerleid, og det er heller ikkje opna for å flytte dette tilbodet til Dombås, slik Lesja kommune har signalisert heilt tydeleg, og som det var sterke innspel om også i kommunestyret på Dovre førre måndag.

I innstillinga har fylkesopplæringssjefen skrive at det er oppretta ei arbeidsgruppe som har jobba for framhald av tilbodet på Hjerleid.

- Det er jo faktafeil, vi har arbeidd for at tilbodet skal bestå innanfor våre kommuner, og argumenta til arbeidsgruppa er ikkje teke i betraktning i utgreiinga omkring Dombås i innstillinga,  fortvilar Wilhelmsen.

Han er også skuffa over at diskusjonane kommunene har hatt med fylkesadministrasjonen omkring bygningsmasse, ikkje er med i utgreiinga.

Dombås heller ikkje i innstilling

I saksdokumentaer det peikt på at ei Dombås-løysing ligg tett opp til å vidareføre dagens tilbod på Hjerleid.

- Sjølv om ei løysing med etablering av  treårig opplæringstilbod vil gje nokre positive effekter på samfunnsutviklinga lokalt og i høve til at elevane kan halde fram med å bu heime, vil ikkje fylkesrådmannen tilrå dette. Hovudsakleg fordi det skal til investeringar i nybygg, samt at det er små elevgrupper, skriv fylkesopplæringssjefen.

- No er det jo slik at Oppland fylkeskommune også kjem til å sitte med heile bygnadsmassen på Hjerleid, anten dei flytter elevane til Otta eller Dombås, seier Wilhelmsen til dette.

Vigga kjenner til at det skal vera arbeid på gang med ei alternativ innstilling til vedtak mot partia i posisjon på Fylkestinget.

Det er skjebnetimar for vidaregåandeutdanninga for ungdom i Lesja og Dovre i dag.  Fylkesutvalet kan gjera eit vedtak i dag, eller ta det vidare til gruppemøte i partia før fylkestinget. Dei går etter det vi kjenner til på torsdag. I alle tilfelle fell Fylkestinget si avgjerd når tinget er samla 19. til 21. februar.

Her er filmen som vart vist på møtet.