Innkallinga kom på epost klokka kvart på to fredag ettermiddag, og sakspapir skulle bli sendt ut til medlemmane i løpet av helga.

Saka var også oppe til handsaming tysdag førre veke, men felles formannskap ville ikkje ta ei avgjerd før dei fekk fleire tal på bordet.

Overslag på utgifter

Politikarane ville ha greie på kva drifta av eit slik anlegg skal koste. Difor måtte saka attende, og ei prognose på forvaltning, drift og vedlikehaldsutgifter var på plass til møtet i dag.

I følge brannsjef Åge Tøndevoldshagen har dei gjort eit overslag, som syner 240 000 kroner i årlege utgifter til forvaltning, drift og vedlikehald på ein ny brannstasjon.

Brannstasjonen kommunane leiger i dag, har ein omlag 200 000 i utgifter på. Det er etter at ein fram til januar hadde ei avtale om 350 kroner i året i husleige, utanom straum og andre utgifter.

Eksisterande brannstasjon og fasilitetene knytt til denne, bryt med fleire forskrifter i arbeidsmiljølova og helse- miljø- og sikkerheitsreglement. Lesja og Dovre hadde felles kommunestyre i august i fjor, og vedtok der at ein ny brannstasjon skulle byggast.

Økonomiske utfordringar

Ordførar i Dovre, Bengt Fasteraune, går langt i år vedgå at det er dei økonomiske rammene som er største utfordringa .

- Vi presenterer eit framlegg for dei to kommunestyra, som ligg så nært opp mot den tydelege bestillinga frå kommunestyra som mogleg, men det er klart det er utfordringar når tilbydarar går ut over den økonomiske ramma, seier Fasteraune.

Han utdjupar vidare at han oppfattar at ramma frå kommunestyra seier noko om funksjonalitet og innhald i ein ny brannstasjon. Mellom anna er det peikt på moglegheit til samarbeid med andre naudetatar, særleg hjulambulansen. Det er også ønskje om at brannstasjonen kan nyttast som kursarena.

- Dersom ein greier å få til same funksjonalitet innanfor mindre kvadratmeter, så er det innanfor bestillinga frå kommunestyra, seier han.

Den økonomiske ramma som vart sett fast av felles kommunestyremøte i Lesja og Dovre i august i fjor, var på ti millionar kroner, inkludert moms.

Då var arealet skissert til 800 kvadratmeter på anlegget. Skissa som no ligg føre, og som er grunnlaget tilbydarane har gått ut i frå, er på 600 kvadratmeter.

Båe kommunane reknar med å lånefinansiera investeringa i ny brannstasjon.

Den endelege avgjerda blir ikkje klar før Lesja kommune har hatt sitt kommunestyre den 25. september. Dovre kommune handsamar saka allereie neste måndag, den 8. september.