Audun Holsbrekken frå Lesja er innstilt som nummer to, og desse to er dei einaste som er innstilt, etter at søkarane har vore vurdert i fleire omgangar.

Stein Løkken har vært rådmann i Lesja kommune fra 1998, skal i mars neste år gå av med

pensjon. Etterfølgjaren til den høgste administrative stillinga i kommunen er plukka ut av eit rekrutteringsfirma.

Ekstern vurdering

Etter paragraf 22 i kommunelova er det kommunestyret som tilset rådmann. I saksutgreiinga heiter det at føresetnaden for ein godt fungerande administrasjon er at den er leia på best mogleg måte, og at tilhøva er lagt til rette for det. Vidare heiter det at for at kommunestyret skal kunne velje den best kvalifiserte søkjaren, er det innhenta ekstern kompetanse, gjennom selskapet Mercuri Urval. Det er også viktig for å sikre ein ryddig prosess fram til endelig

tilsetting i kommunestyret, heiter det.

Kai Ove Riise og Audun Holsbrekken er frå rekrutteringsselskapet dei av søkjarane som har vorte med til et tredje intervju etter testing og djupare personvurdering. Formålet med denne personvurderinga er å avdekkje kandidatane sine personlege føresetnader for å fungere godt i stillinga.

Utfordringar

Vi spurte avtroppande ordførar Per Dag Hole om utfordringane for den nye rådmannen i Lesja.

- Det er mange utfordringar i kommunesektoren framover, ein skal sørgje for gode og kvalitetssikra tenester. Rådmannen skal som høgste administrative leiar få kommunen til å fungere godt på alle nivå, det er ein svært viktig jobb, og kan naturlegvis til tider bli utfordrande. Det er heile tida ei prioritering mellom ressursar og oppgåver, seier han.

- Kva med samhandlingsreforma?

- Vi er godt førebudde på samhandlingsreforma i Lesja, fordi vi har bygd opp gode tenester på helse og omsorg. Vi har aldri ventelister, det skal vera målsettinga også framover, og då er dei tilsette og den administrative leiinga dei viktigaste ressursane for å få det til, meiner Hole.

- Kva med interkommunalt samarbeid?

- Det regionale samarbeidet tek allereie hand om oppgåver som er naturlege å samarbeide om. Det er kome for å bli, og spørsmålet er m å utvikle det på ein måte som gjer alle i regionen tent med det, anten dei bur i Rånå eller på Otta, og det er viktig at administrasjonen har med seg det, seier ordføraren. Per Dag Hole har sitt nest siste møte i kommunestyret i dag; det blir eitt til etter valet før nytt kommunestyre blir sett inn.

Foto: Lokalavisa Vigga