Elevar på Lesja skule skapte stor spenning.

9 elevar har valfaget produksjon for sal og scene. Dei har saman med lærar Arne Bakken arbeidd fram forestillinga «Tidsklemma». Ideen er henta frå tv-programmet «Vinn på minuttet», men det gjer seg også bra som sceneshow.

Forstillinga får ut på å utføre eit bestemt oppdrag på ei tilmålt tid.

- Klarer dei dei skal dei få stor applaus. Og går det ikkje skal dei få enda større applaus, sa Bakken til publikum, som besto av 1.-7. klasse på Lesja skule.

Og det er ikkje alltid like lett å gjennomføre det ein har tenkt. Det er ikkje berre enkelt å treffe ei korg med ein ball når du står med ryggen til nå du kastar. Eller å bygge eit tårn på 90centimeter med legoklossa når du berre har eit minutt på deg. Eller å lage eit papirfly, springe til toppen av kultursalen, og kaste det fram som det landar ved scena. Og det berre på eit minutt. Og kva var planlagt, og kva var ikkje planlagt?

Oi!

Det fenga publikum i salen, det er sikkert. For det vart ei slags blanding av sirkus, sport og teater. Publikum var ivrige til å heie og telje sekund når det nærma seg fullgått tid. Og det var lett å måle både glede og skuffelse hjå publikum. Og applausen var stor same kor oppgåvene vart utført.

«Det trur eg ikkje dei klarer» kommentar hjå publikum var fort snudd til «Kult,ass!» når dei fekk sjå resultatet.

- Ein ser at dette har de laga sjølv. Det er både fantasifullt og kreativt, sa inspektør Anne Slettum da ho takka elevane etter forestillinga.

Elevane hadde også ei forestilling tidlegare i haust,

- Vi har jobba både med teknikk, lys og lyd og prata om arbeidsplassar innan scenisk arbeid, seier lærar Bakken.

8 toneartar på 30 sekund? Amund Utgård(t.v) og Henrik Lien fekk fart på fingrane. Foto: Lokalavisa Vigga