9.klassingar i heile regionen kvesser knivane sine.

Jo fleire kokkar, jo meire søl vert det sagt. Det gjeld ikkje for desse driftinge 9.klassingane på Lesjaskog. Som eit ledd i oppkøyringa mot finala i kokkekamp mellom 9.klassingar i Vågå 28.mai, hadde skulane på Lesja og Lesjaskog besøk frå opplæringskontoret ved Brimi-kjøken denne veka.

Nytt dyr

Prosjektleiar Stian Høglien, leiar for opplæringskontoret Bjørg Vole og lærlingane Eline og Inger Lise med seg ei matkorg bugnande av gode lokale råvarer.

- Dette er skinke. Kva dyr kjem det frå, spurte Vole.

- Skinkedyr, var det lattermilde forslaget frå ein av elevane.

Og om det stemmer, er skinkedyret eit smakfullt dyr. Her vart det spekemattallerken med varm eplepai attåt. Lesjaskogelevane synte at dei som kokkar flest kan arbeide under tidspress. På berre ein time greide dei å lage mat, dekke flotte bord og nyte maten. Alt til toppkarakter frå besøket.

- Her fekk vi flatbrød til, det er pluss i margen, sa prosjektleiar Høglien.

Hemmeleg pakke

Høglien og Vole hadde også med seg ein overraskelse, ei spennande pakke i gråpapir. Den skal ligge i frysaren fram til 1.april. Da kan alle konkurrerande klasser i regionen åpne for å finne ut kva slags ingrediensar hovudretten skal bestå av. Den er felles, men desserten får dei bestemme sjølve. Derfor har mat og helse-timane passa godt for den som likar det søte dette året, dei har øvd på både gjærbakst, rullekake og puddingar.

Ruben Mølmen Sørum og Marius Hareland hadde ansvar for spekematen. Foto: Lokalavisa Vigga