I energimeldinga er det ting som tyder på at kommunane kan miste verdifulle inntekter gjennom konsesjonskraft.

Nå har ordførarane sendt ei felles uttale til Energi- og miljøkomiteen på Stortinget, der dei krev at ordninga med konsesjonskraft og konsesjonsavgift må halde fram.

Uttala kjem frå ordførarane i kraftkommunane Lesja, Sel, Vågå, Lom, Skjåk, Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu. Den lyder slik:

«I over hundre år har våre kommunar fått vår del av verdiskapinga frå produksjon av vasskraft som følgje av at vi har stilt våre naturressursar til disposisjon for storsamfunnet. Kompensasjon har vore gjeve i form av konsesjonskraft og konsesjonsavgifter. Denne attendeføringa til lokalsamfunnet har vore forvalta på ein god måte, og har kome innbyggjarane og næringslivet til gode i form av velferdstenester og tilrettelegging for lokal verdiskaping. Det har vore brei nasjonal politisk semje om ordninga med konsesjonskraft og konsesjonsavgift.

Kommunane i Gudbrandsdalen er opptatt av å ta vare på våre miljø- og naturverdiar, og er positive til å forvalte desse verdiane vidare. Som føresetnad blir sett at vår rettmessige del av verdiskapinga blir vidareført i form av at konsesjonskraft og konsesjonsavgift kjem kommunane til gode med minst like gode vilkår som er gjeldande i dag. Kommunane ser dette som avgjerande for vår medverknad for å imøtekoma målsetninga om auka andel miljøvenleg og fornybar energiforsyning både nasjonalt og internasjonalt. Dette let seg ikkje gjera utan samarbeid med kommunane.

Vi merkar oss forslaget om å sette ned ei ekspertgruppe som skal sjå på omlegging av ordninga for konsesjonskraft og konsesjonsavgift for vasskraft. Vår vurdering er at mandatet til ekspertgruppa må avgrensast til å gjelde modernisering og fornying av gjeldande ordning med konsesjonskraft og konsesjonsavgift

Vi ber Energi- og miljøkomiteen om å legge vekt på følgjande:

  • Ordninga med konsesjonskraft og konsesjonsavgift blir vidareført slik at den rettmessige delen av verdiskapinga frå vasskraftproduksjon kjem kommunane til gode

  • Stortinget må avgrense mandatet til ei ekspertgruppe til å gjelde forenkling og fornying av ordninga med konsesjonskraft og konsesjonsavgift»