JBV innrømmer at det har gått vel fort. Vegen er erstatningsveg for overgangen over jernbana som setereigarane i Storsandviken har brukt før.

- Vi har no sett på andre løysingar, det har rett og slett gått litt fort i svingane, seier avdelingsingeniør i JBV, Olav Ramsøskar.

Ikkje informert før avtale

Signalet om at grindene var uønskte av setereigarane kom til JBV før helga. Då var det ikkje forståing for at grindene var eit problem, i følge Ivar Trodal, som representerer dei sju setereigarane.

- Vi var berre glade for å sleppe overgangen, men hadde vi visst at det skulle bli fem grinder, ville vi nok heller behalde den, seier han.

Då setereigarane oppdaga at JBV var i ferd med å montere grinder på den nye vegen førre veka, tok dei kontakt med JBV. Dei skreiv også brev til kommunen, som er journalført måndag denne veka.

Der syner dei til at det ikkje var orientert om grindene då avtala mellom dei og JBV vart underskriven i september 2010.

Tysdag, etter brevskriving og telefonar frå setereigarane, var forståinga ei anna frå JBV.

Ikkje tenkt på

Ramsøskar seier ingen tenkte på problemstillinga då informasjonsmøtet var halde i 2010.

- Det var ikkje tema den gongen, det tenkte vi ikkje på. Ingenting er skrive ned om det heller, seier han.

Avtalene var underskrive i byrjinga av september 2010.

Den nye vegen, som går med undergang frå Dovregubbens hall og inn på setervegen ovanfor den gamle overgangen, har kosta 2-3 millionar kroner totalt.

- Det er jo for gale å bruke fleire millionar kroner på ein veg når ikkje eigarane blir nøgde, og grindene skal vi nok få nytta ein annan stad, seier Ramsøskar.

Han gjev eit anslag på rundt ti tusen kroner kvar for grindene.

- Vi har sett opp eindel grinder der, men neste måndag blir oppsynsmannen for strekninga med, og så tek vi eit møte med setereigarane. Vi har sett på ei løysing som vil innebera berre ei grind, eller kanskje inga, på strekninga, seier Ramsøskar måndag.

Ivar Trodal og dei andre setereigarane var innstilte på å behalde overgangen på Dovrebana heller enn å måtte fare gjennom fem grinder for å koma til setra. Foto: Lokalavisa Vigga