- SNO meiner desse er drepne og skadde av ulv, og i tillegg er det gjort usikre observasjonar av ulv i same området, seier Ellen Sørumgård Syse, landbrukssjef i Dovre kommune.

Fellingsløyve vart innvilga av fylkesmannen per telefon i går, og i møte i går kveld, vart fellingslagsmedlemmene fordelt i lag for å rullere. Også Folldal kommune har fått fellingsløyve for ulv, som gjeld inn i Grimsdalen eit stykkje, fortel landbrukssjefen.

- Kan det bli samarbeid med Folldal?

- Det er ikkje noko samarbeid slik det er no. Utifrå skade og observasjonar er vi usikre på om det er ein eller to ulvar, så førebels opererer vi kvar for oss. Viser det seg at det kan vera same dyret, kan det hende vi får ein dialog om det seinare, seier Sørumgård Syse.