Tysdag orienterte nytilsett verksemdleiar Anne Enkerud Lien frå driftsutvalet om situasjonen på helsestasjonen i Sel.

Det er leiar i driftsutvalet, Anita Sletten Nuvstad, som har bedt om orienteringa. Grunnen var at to av dei fast tilsette gjekk ut i permisjon, og at det i mellomtida har kome eit asylmottak i kommunen.

- Vi ville ha greie på om dei lovpålagte oppgåvene er godt nok ivaretekne, seier Nuvstad.

Snart på sporet att

- Vi har fått eit etterslep av lovpålagte oppgåver etter pandemien. Vi har vore litt på etterskot med å dekkje oppgåvene på asylmottaket, og vi har ikkje fått gjennomførd fireårs-kontrollar slik vi skulle. Men vi har gjort så godt vi har kunna, og no sidan er det gjort tilsetting i dei to stillingane vi utlyste, seier helsesøster Anne Enkerud Lien. På grunn av permisjonar er ikkje alle på plass enno, men etter jul vil dei vera heilt på sporet att, i følgje Enkerud Lien.

Ho informerte driftsutvalet tysdag, og forsikra dei om at innsatsen under pandemien sist vinter var svært nyttig, sjøl m merksemda kring temaet har vore laber sidan.

- Undersøkingar syner at innsatsen, der 50 prosent folkesetnaden vart vaksinert, faktisk stogga utbreiinga av pandemien, seier Enkerud Lien.