- Slik vi er informert om per i dag, kjem skuleadministrasjonen til å flytte neste års fyrsteklassingar til Dombås, eventuelt i ein brakkerigg. Det er ikkje avklart enno, men dette er uansett total galskap, seier Steinar Tronhus (Ap), til orienteringssaka om vidaregåande skule.

Neste års 2. og 3. klassingar vil bli overført til avdelinga på Otta.

Tronhus er ikkje nøgd med eige parti i høve til oppfølging av vedtak, og forsikrar at det vil bli kommunisert inn til representantane i forkant av fylkestingsmøtet 18.februar.

Via fylkesvaraordførar Ivar Odnes (Sp) får Fylkestinget saka om utsetjing på bordet, knappe to veker før søknadsfristen til vidaregåande skule er ute.

Ikkje gjennomførte vedtak

Politikarane i felles formannskap er samde om at fykesadministrasjonen ikkje har følgd opp andre delar av vedtak om skuletilbod på Dombås, og ber om at flytting blir utsett eitt år.

- Det er tre ting som vi meiner ikkje utført. Det eine er bygget som skal opp på Dombås. Det er jo ikkje igangsett enno, og forsinkinga har vore kjent lenge. Det andre er at fylkeskommunen ikkje har følgd opp med å få andre aktiviteter inn i bygningsmassa på Dovre, og det tredje er at fylkeskomiteen også har fått eit konkret oppdrag om å greie ut moglegheita for ei landsline for ulike idrettsfag på Dombås, seier Bengt Fasteraune (Sp).

Leiar for foreldre/aksjonsgruppa, Anders Avdem, spurde kva politikarane kom til å gjera vidare. Han og Sonja Gitte Mathiesen, møtte for gruppa i felles formannskap, og dei uttrykte stor fortviling over situasjonen også etter møtet.

- Det er jo framtida vår dette gjeld, vi risikerer jo å miste ein heil generasjon frå bygdene, seier Mathiesen.

Elevrådet ber også om utsetjing

Elevrådet på Hjerleid har også sendt brev til fylkesutvalet. Dei ber også om ei utsetjng, og er uroa for det fysiske og psykososiale læringsmiljøet.

Dei held fram Hjerleid sine gode resultat med omsyn til trivnad, fråvær og karakterar, frå elevundersøkingar og rapport om snittkarakterar.

- Det er framtida vår det gjeld, og det er skremmande at den ligg i hendene dykre, for det er de som sit med vedtaksmakta, skriv dei.

Vigga skriv meir om skulesaka i neste Vigga.

- Total galskap, meiner ordførar Steinar Tronhus (Ap), og er lite nøgd med eige parti på fylkesnivå. Foto: Lokalavisa Vigga