På Lesja skule hadde Filmbussen 14 ivrige deltakarar denne gongen.

Det intensive kurset for barn varar to dagar, og på denne tida skal dei produsere ein kortfilm. Dei var delt inn i to gruppar, dei yngste skal byrje i 7. klasse til hausten, og dei eldste skal byrje i 8. klasse.

Lyd og kamera

- Vi lagar ein etterligning etter filmen Hangover, kan den yngste gruppa ivrig fortelja.

Hangover er ein film som kom i 2009, og som handlar om ein gjeng menn som havnar i kinkige situasjonar medan dei held utrikningslag for ein kamerat. Henrik Lien hadde oppgåva som skodespelar åleine, medan resten av gruppa styrde lyd og kamera. Etter klippa å døme då dei redigerte filmen såg det ut til at det gjort ein bra jobb både framfor og bak kameraet.

Les meir u papirutgåva av VIGGA.