- Vi held framleis på med ettersløkking, sjølv om det heldigvis ryk mindre og mindre, seier Nilstad.

Framleis er det varnme i feitvedrøter, groper med kol og maurtuer.

Innsatsen er no teke i vare av lokalt brannvesen og mannskap frå sivilforsvaret, som har hovudkvarter på Horgen.

- Tryggleiken til mannskapa kjem fyrst, og særleg furutre med avbrende røter kan vera ein risikofaktor når ein sender folk inn i området, seier Nilstad.

Innsatsen no, er "for hånd" - mannskapa går med sprøyte på ryggen, hakke og spade, varmevifter og motorsag.

Nilstad seier det kjem til å bli halde fram med ettersløkking til det ikkje er att meir varme. Håpet er at det snart kjem mykje regn.

I følge yr.no, kan ønskjet snart bli oppfylt.