Før sommeren vart 33 lærarar teke ut i streik ved Rothaugen skule i Bergen. Og onsdag varsla utdanningsforbundet altså fase to i konflikten med KS (Kommunanes Sentralforbund).

Tre skular i Oppland

I Oppland fylke er det kun tre skular i Gjøvikområdet som er teke ut til streiken. Lesja og Dovre blir altså ikkje råka av konflikta, i denne omgang.

- Vi har tusenvis av lærarar i heile landet, som er klare til å gå ut streik i nye runder, understrekar Utdanningsforbundets leiar Ragnhild Lied.

Utdanningsforbundet har omlag 160 000 medlemmar, og er Noregs nest største arbeidstakarorganisasjon.  Konflikta dreiar seg om ny tariffavtale for lærarane. Utdanningsforbundet mekla seg fram til semje med KS før sommaren, men i uravstemninga i organisasjonen sa tre av fire nei til avtala.

- Lærerne har ikkje tillit til at KS ønskjer det beste for norsk skule. Dei trur ikkje at KS vil ha en fagleg sterk og ansvarleg lærarprofesjon. Difor streikar norske lærarar, for å understreke dette alvoret, seier Lied.

Mykje av debatten rundt lærerstreiken har omhandla dei 7,5 timane, som KS krev at lærarane skal vera til stades på jobb kvar dag.

– Denne streiken handlar om langt meir enn dei 7,5 timene. Vi streikar for moglegheita til å kunne gjera ein god jobb, med meire tid til kvar elev, for å kunne gjera best mogleg for- og etterarbeid. Medan KS-styret er opptekne av kvar jobben blir gjort, er vi opptekne av korleis den blir gjort, heiter det i pressemeldinga onsdag.