Mannen har leigd ei hytte tilhøyrande Lesja jeger- og fiskerforening ved Lesjøen. Familien til mannen meldte frå til politiet i natt, fordi dei var uroa, då ei hadde ikkje fått livsteikn frå han sidan onsdag føremiddag.

- Ei patrulje på seks personar frå Røde Kors dro ut frå Aurstad klokka 13.00, for å ta seg inn til Lesjøen. Turen inn dit vil ta omlag to til to og ein halv time, seier politibetjent Arne Granlund.

Mannen dei leitar etter er utanbygdsbuande.

Ein mann på 51 år er sakna i området ved Lesjøen i Lesja. (Foto: Arkiv/ Bjarne Fossøy) Foto: Lokalavisa Vigga