Landslaget for lokalaviser (LLA) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) la denne veka fram nye opplagstal for heile avisbransjen.

Tala viser antal abonnentar for dei ulike avisene i første halvdel av 2022.

Da hadde Vigga eit samla opplag på 2317 abonnentar. Det er ein nedgang på fem abonnentar samanlikna med same tid i 2021.

Av dei 2317 er 805 av dei berre digitale, 95 har berre papiravis, medan 1417 har komplett abonnement. Det inneber dei som har både papir- og nettavis.

Oversikta over aviser i vår omkrets ser slik ut:

AvisFørste halvår 2022Første halvår 2021Endring i opplag
Vigga2 3172 322-5
Gudbrandsdølen Dagningen22 74922 772-23
Dølen4 4694 355114
Fjuken3 7543 790-36
Norddalen2 5172 612-95
Åndalsnes Avis3 3603 404-44
OPP4 3044 028276

Samanlikna med året før har mengda heildigitale abonnentar gått opp for Vigga sin del. Ved første halvår i 2021 var dette på 714, medan det i år var på 805.

– Sjølv om nedgangen er liten, skulle vi gjerne sett at pila peiker oppover. Men positivt er det at fleire får nytte av digitalt abonnement. Det er viktig for oss å ha ei levande nettavis med dagsaktuelt innhald - og andre ting som folk kan ha glede av å lese, seier redaktør og dagleg leiar i Vigga, Simen Rudiløkken.

– Vi har vore gjennom eit år med utskiftingar, som har ført til at vi har måtte omstille oss, men også gjeve oss moglegheiter til å tenke nytt. Eg føler vi no er inne i ein god flyt att, og skal fokusere meir på innhald som engasjerer i tida framover, fortset han.