Kommunene Dovre og Lesja er medeigarar i verksemda. Måndag var ordførarane på eigarmøte der den økonomiske situasjonen til GIAX var drøfta, og på pressekonferansa i dag la administrerande direktør Kristen Gunstad fram stygge tal. GIAX AS gjekk i fjor med 9,9 millionar kroner i underskot, og selskapet kuttar derfor ut sine to minst lønsame avdelingar, som er Dombås og Lom. Det blir framhald på Otta og Ringebu, men det er på det reine at selskapet er i ei djup økonomisk krise.  Berre Otta-avdelinga gjekk i pluss.

Alle dei tilsette vart informert om nedlegginga av administrerande direktør Kristen Gunstad i dag tidleg.

Dagleg leiar av Dombåsavdelinga, Roger Elsrud, seier at det vil bli dramatiske omveltningar for dei 36 tilsette.

-32 av arbeidsplassane er tilrettelagte arbeidsplassar, med varig tilrettelagt arbeid (VTA), arbeidspraksis i skjerma verksemd og arbeid med bistand, medan fire av stillingane er leiarstillingar, i følgje Elsrud på Dombås.

Kommunane i Dovre og Lesja har delfinansiering av ein del av arbeidsplassane på Giax. Dei to kommunene er no interesserte i å overta noko av drifta ved Dombåsavdelinga, i følgje Lesjaordførar Steinar Tronhus.

Han meiner dei tilrettelagte arbeidsplassane er noko av det Dovre og Lesja kan innlemme i kommunesamarbeidet seg imellom, og seier at kommunane må ha eit slik tilbod.