Dahl er dagleg leiar ved Pilegrimssenter Dovrefjell, og har overvåka tala frå 35 overnattingsbedrifter i våre område  langs Pilegrimsleden sidan 2010.

- Auka det siste året er på mellom 15 og 20 prosent, kan Dahl fortelja deltakarane på konferansa.

Deltakarar på strekninga mellom Sel og Skaun er inviterte, mellom anna overnattingsbedrifter, to fylkeskommunar,  sju kommunar, kyrkjelydsrepresentantar og frivillige.

- Konferansa ønskjer å samle opp erfaringar og dele kunnskap frå alle dei ulike aktørane. Frå dei som bidrar til utvikling av Pilegrimsleden som opplevelsestilbud, reiselivsprodukt, undervisningsstad, som erkjenningsreise, og som stad for lengsler og endringsprosessar i livet, heiter det i programmet.

Dagleg leiar i Pilegrimssenter Dovrefjell, Hans-Jacob Dahl, kan presentera fine tal for Pilegrimskonferansa på Oppdal. (Arkiv: Guro Vollen) Foto: Lokalavisa Vigga
Talet på pilegrimar som overnattar mellom Sel og Skaun har auka med mellom 15 og 20 prosent sidan i fjor. Desse tyske pilegrimane overnatta på Budsjord i juli i fjor. (Arkiv: Guro Vollen) Foto: Lokalavisa Vigga