- Vi er ute etter den gamle logoen, vi har høyrd at det skal ha vore brukt logo på ei blå drakt ein gong i tida, og vonar at nokon kan ha liggande denne, seier Magne Håvard Tordhol, som er sekretær i fotballgruppa og nettansvarleg for idrettslaget.

Nye drakter

Han fortel at dei gjerne kunne tenkt seg logo på dei nye klubbdraktene, som skal profilere skigruppa og fotballgruppa.

- Vi hadde logo på vimplane vi tok med til Norway-Cup, inntil for nokre år sidan. Då vi skulle trykke opp att desse vimplane, fann vi ikkje att originalar av logoen, og heller ikkje ein einaste vimpel, fortel han.

Han er heller ikkje sikker på om dette var den originale logoen.

- Det var også ei hork, men heilt rund, og kanskje til forveksling lik ein krans, seier han.

Om det skal vere ei hork, ein skigard, båe delar eller noko heilt anna, spør han lesarane til Vigga om.

- Hork og skigard er nemnt av folk, saman eller kvar for seg, for vi har i det små etterlyst logoen eit års tid. Den endelege avgjerda om logo må bli opp til styret, men eg vonar vi kan finne den originale, og i allefall får på plass ein logo vi kan profilera oss med, seier Tordhol.

Lesja idrettslag treng logoen til meir enn draktpryd, for både i mobilapplikasjonar og på nettsidene trengs ein tydeleg logo. Dessutan ein vimpel å ta med til Norway-cup. Naudløysinga i år vart koppar med kommunevåpenet på, som gåve til lag dei møtte til dyst på Ekebergsletta.

Magne Håvard Tordhol etterlyser fleire utgåver av logo for Lesja IL - denne skissa var å finne i Vigga sine arkiv. Foto: Lokalavisa Vigga