– Plis, vi må til Dombås
No får elevane reise til Dombås Fjellskule på leirskule.
Budsjettvinnar
Elevane blei utropa som vinnare i budsjettprosessen, skriv Vikebladet Vestposten.
- Når eg no vil utrope nokon til vinnar så er det gleda over engasjementet og viktigheita i læringa. Dette gir godt håp for framtida med mange samfunnsengasjerte menneske. Edlaste valør og palltoppen går i denne budsjettbehandlinga til 7.-klasse ved Hasund skule. Eit vedvarande ønskje om å få reise på leirskule gjorde at dei skreiv eit brev til oss politikarane. Reise får dei, og det får alle dei andre 7.-klassene også, slo Hanne Notøy (Ap) fast.
Elevane sitt brev har tydelegvis påverka kommunestyrepolitikarane, for pengar til leirskule vart det funne plass til i alle dei tre budsjettframlegga som var på bordet.
Der vart det vedteke at kommunen set av 300.000 kroner for å sende elevane på leirskule i 2015 og 200.000 kroner i året frå 2016 til 2018, skriv avisa.
Nyttar å skrive brev
Fredag morgon var Vikebladet Vestposten innom Hasund skule for å høyre reaksjonen frå elevane. Rektor Bjørn Dahl fortel at då han avslørte vedtaket vart det stor jubel i klasseromet.
- Er de glade for å få reise på leirskule?
- Ja!, lyd det unisone svaret frå klassa som no har berga leirskuletur, ikkje berre for seg sjølv, men også for dei andre 7.-klassene i Ulstein.
Flott av politikarane
Rektor Bjørn Dahl fortel at gjennom mange år i skulen har han sett verdien av slike leirskuleopphald.
Rektoren understrekar også at dette ikkje er noko skulen har oppmoda elevane til å gjere.
- Elevane tok initiativet sjølve og då er det verkeleg flott at politikarane tek tak i det.
Hanne Notøy fortel at det er sett av pengar i 2015-budsjettet til at også 6.-klassene skal kunne reise på leirskule, men at det kan verte vanskeleg å få til grunna manglande kapasitet på Dombås. I staden kan det verte ei løysing at årets 6.-klassingar reiser i 2016.
Fjellskulen på Dombås vonar no på likelydande vedtak i Hareid kommune.