Det var Ann-Kathrin von Rappe (H) som kom med tilleggsframlegg i saka, med ei presisering om at arbeidet med planene skal setjast i gang straks.

Einar Utgård (Sp) meinte ikkje eit slik tillegg var naudsynt, og at kommunen likevel ville jobbe med det straks vedtak var gjort. Utgård meinte også at heile skuterprosjektet ville bli eit langt lerret å bleike, med alle innvendingane som allereie hadde kome inn.

- Det blir ei stor arbeidsmengde, og kjem til å ta store ressursar, meinte han.

Von Rappe repliserte at dette måtte setjast i gang fort, for å få nytta forsøksperioden, og opprettheldt tilleggsframlegget.

Framlegget  vart vedteke med 11 mot 10 stemmer i går kveld, etter eit samrøystes vedtak om å vedta standardisert forskrift frå Klima- og miljødepartementet.

Målet til kommunen blir dermed å få til etablering av rekreasjonsløyper før vinteren 2015/2016.

I august i fjor vedtok Lesja kommune å bli med på forsøksordninga med etablering av rekreasjonsløyper for snøskuter. For å bli godkjent deltakar lyt kommunen vedta standardisert forskrift frå Klima- og miljødepartementet, med nærare føresegner for ordninga. Fristen er 1. april i år.

Dovre kommune vedtok forskriften 10. mars