Lesja og Dovre kulturskule hadde vandrekonsert Kuul Tur på Lesja bygdatun fredag. Her fekk publikum oppleve liv i dei gamle husa. Elevane underheldt I låvar og kornmagasin og ein kunne høyre alt frå toradarmusikk til blues og rock. På utescena fekk dansarane utfolda seg. Heile seks postar stod på programmet.