Då ordførar Bengt Fasteraune skar snora av moskusull og silkeband i to, symboliserte med det formelt at Snøheim er opna att for publikum.

Middelveg

Han understreka den tunge symbolske betydninga til Snøhetta, både lokalt, regionalt og nasjonalt. Utfordringane i dei mange kryssande interessene vil han gå praktisk til verks med.

- Det må finnast praktiske løysingar, og ein gylden middelveg, slik som vi har slagordet vern gjennom bruk med kulturarven, bør vi også ha det for naturarven, sa Fasteraune.

Nasjonalfjell

- Heilt sidan 1991 har vi jobba mot denne dagen, sidan eg kom inn i styret i 1991 har Snøheim vore på og av agendaen, sa styreleiar i DNT sitt landsstyre, Berit Kjøll, og kalla Snøheim for eigar DNT Oslo og Omegn sitt fyrtårn.

- Snøhetta er eit symbol på vårt nasjonalfjell, og sjølv om Stetind i Nordland vart vald til nasjonalfjell, er utfordringa frå meg at vi kan halde oss med fleire nasjonalfjell, og der høyrer Snøhetta til, avslutta ho, før ho gav ei gåve til Snøheim i form av ei balanseline til bruk for alle gjestar.

Ei rekkje helsingar og gåver vart både DNT, bestyrarane og entreprenørar og samarbeidspartnarar til del i opningsprogrammet. Størst oppsikt vekte nok likevel Jon Angard frå Dombås, son av siste bestyraren på Reinheim.

Han levna forsvaret lita ære for måten dei overtok Snøheim på. Han takka far sin, men sendte sterkare gloser mot Forsvaret.

Leopard i hundre

- Forsvaret har eg gjeve ein negativ-pris, ikkje berre fordi dei øydela framtida til far min her, og mi og dei åtte syskena mine, men måten dei gjorde det på. Noko sa meg at framtida mi her var slutt då eg kom køyrande med hesten Svarten, frå Hjerkinn med proviant, då den fyrste leoparden frå Forsvaret rasa forbi meg i hundre. Det var noko som sa meg at eg fekk finne noko anna å halde på med, seier han.

Restaurert og nytt

Etter 40 år i Forsvaret sitt eige er Snøheim på Dovrefjell på nytt ei DNT-hytte. No skal det drivast turisthytte i hjarta til Dovrefjell. Den gamle hytta frå 1952 er restaurert og utvida, mellom anna med heilt nytt kjøkken og med 80 sengeplassar. No  kan bestyrarane Marit og Kjell Hjelleødegård ønskje fjellfolk velkomne til ein ny era ved foten av Snøhetta.

Til hjelp har dei på det meste 11 sommarhjelper.

- Vi har nesten ingen lokale, sjølv om vi freistar å knyte til oss lokale folk, mellom anna fordi vi har bruk for tilkallingshjelp i helgene når det er toppar, fortel Kjell Hjellødegård.

Bortimot 500 personar møtte opp for å markere ein ny era for Den Norske Turistforening på Snøheim i dag, laurdag 14. juli. Mange frå Dovre, Lesja og ellers omkring Dovrefjell, i tillegg til fjellfolk frå andre kantar av landet.

Bengt Fasteraune skjer over snora og foretek med det den offisielle opninga av Snøheim Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Foto: Lokalavisa Vigga
Jon Angard hadde ei sterk beretning frå siste tida i Reinheim, der far hans var bestyrar Foto: Lokalavisa Vigga