Hovudkonklusjonen er at skyttelbusstrafikken heilt inn til Snøheim må halde fram på permanent grunnlag. Det blir rådd til minst mogleg ferdsel utanom denne busstrafikken, for å halde effekten av buss-kanaliseringa.

Forskarane kallar det ein vinn-vinn situasjon for alle, fordi det opnar for bruk av området til friluftsliv, samstundes som det sikrar trekkrutene til villreinen.

Skyttelbussane er den beste måten å kanalisera ferdselen på, heiter det i ei pressemelding frå NINA i dag.

Inn i nasjonalparken

Forskarane vil også ha bussen heilt fram til Snøheim. Det er nemleg ved bommen inn til nasjonalparken eit viktig trekkområde for reinen. Dei meiner villreinen lettare kan krysse vegen for å nå fram til vinterbeita sine på Hjerkinn-platået når bussen minimaliserer forstyrringa. Samstundes vil det lokale næringslivet og andre aktørar få ei unik moglegheit til å gje alle besøkande ei oppleving av villreinen, til dømes ved informasjon på bussane.

- Det er viktig å gje folk eit forhald til villreinen, slik at dei i framtida skal kunne bry seg om den, seier Frode Flemsæter, seniorforskar hjå Norsk senter for bygdeforskning.

GPS-rein

GPS-overvåkinga til forskarane syner at villreinen reagerer mest negativt på ferdsel til fots.

– Våre GPS-data i Snøhetta-området viser at reinen krysser Snøheimvegen i august og september på vandringa frå sommarbeita i vest til vinterbeita i aust, samstundes med høgsesongen for fotturisme i Snøheim og Snøhetta-området. Ei liknande studie frå Rondane viser at villreinen ikkje kryssar vegen frå nasjonalparkgrensa og inn til Rondvassbu, sjølv om folk kun ferdes til fots langs denne strekningen. Dersom Snøheimvegen får utvikle seg til ei liknande barriere, vil dette få store negative konsekvensar for bestanden, sier NINA-forsker Olav Strand.

HISTORIKK:Frå 2006 til 2007 samla ei aksjonsgruppe inn 15000 underskrifter for å bevare Snøheimvegen. etter at regjeringa hadde gått inn for å fjerne vegen som ledd i nedlegginga av skytefeltet på Hjerkinn. Eit representantforslag frå Energi- og Miljøkomiteen på Stortinget , gav til slutt vedtak i nasjonalforsamlinga om å få til breiare grunnlag for eit endeleg vedtak om Snøheimvegen. Det resulterte i det fireårige forskningsprosjektet i Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark.

Forskarar legg i dag fram resultat som tilrår at skyttelbussane får halde fram med å køyre heilt inn til Snøheim. (Arkiv) Foto: Lokalavisa Vigga