Ordførarane frå Ringebu i sør, til Lesja og Skjåk i nord, har skrivi under på eit brev til konsernleiinga og styret i Nortura. Dei understrekar viktigheita av eit slik anlegg,  i eit område som ligg tett på leverandørane.  I arbeidsutvalgsmøte den 5. mars diskuterte ordførarane i Nord-Gudbrandsdalen korleis andre aktørar fort kan få fotfeste dersom det medlemseigde konsernet fjernar seg.

Det er overkapasitet på slakting av raudt kjøt på Austlandet, og det er ikkje lengre sidan enn 2008, at Sel-avdelinga sist vart sett under lupa.

Norturas nåvverande struktur på raudt kjøt er, etter konsernleiinga og styret sitt syn, samla sett ikkje er  tilstrekkjeleg økonomisk og industrielt robust nok, til å møte dei utfordringene som kjem på både stutt og lang sikt.