I følge vitne Vigga har snakka med, vart ein bil på veg nordover E6 stoppa av politiet etter ei rekke forbikøyringar i nitida i kveld.

- Ja, det stemmer at vi har stoppa ein bil på Dovre for kontroll, fortel operasjonsleiar Sundgården ved Lillehammer politidistrikt.

Ho har ikkje grunnlag for å seie om farten var for høg, for det har dei ikkje måling på.

Dei mottok to meldingar om bilkøyringa på førehand.

Vitna Vigga snakka med, skildrar tre ulike forbikøyringar utført av den same bilen, på strekninga mellom Rosten og Skeievoll på Dovre. Forbikøyringane skal ha vore særdeles uforsiktige.

Politiet skriv klokka 21.20 på Twitter at mannen har fått forenkla forelegg etter at han vart stansa for uforsvarleg forbikøyring.