- Guten sjølv kom seg opp på vegen og fekk varsla andre bilistar om ulykka, seier politiførstebetjent Vebjørn Bale ved Rauma lensmannskontor, etter dødsulykken på Sæterbøen i Romsdalen, melder Åndalsnes Avis.

Motgåande felt

Operasjonssentralen fikk melding om utforkjøringen kl. 05.37 onsdag morgen. Eit køyrety hadde køyrt utfor vegen på veg nedover Romsdalen.

I følge Åndalsnes Avis tydar spor på staden på at køyretyet har kome over i motgåande køyrefelt, før det køyrde ut mellom E136 og Rauma elv. Sjåføren vart stadfesta omkomen då redningsetatane kom til staden.

Det skal ikkje ha vore fleire bilistar innblanda i ulykka.

Den sju år gamle guten har moderate skader, og ligg på barneintensivavdelinga til observasjon, melder sjukehuset.