Frå juni vert det nye takter på Avdemsbue på Lesja.

Da opnar Avdem gardsysteri utsalg av lokal- og småskalamat frå dei beste produsentene i heile landet.

- Det vil vere det beste av Norge, seier dagleg leiar ved Avdem gardsysteri, Åse Haugstad.

Til sommaren håpar dei det vil bli fullt med folk «på bu´n». Både for å handle nisjemat, men også for å få seg ein kopp kvalitetskaffe, ein yoghurt, god is eller anna handmat.

- Vi håpar dette vil bli eit tilbod som både turistar og bygdefolk har lyst til å bruke, seier Sigurd Avdem.

Ansvarleg for det nye utsalget og salgsavdelinga er eldstedotter på garden. Anna Haugstad Avdem arbeider i desse dagar med bacheloroppgava i økonomi og administrasjon ved Handelshøyskolen i Trondheim, HiST.

Nytt steg

At nettopp ysteriet tek i bruk det gamle butikkbygget frå 1938 er litt tilfeldig. Det kom Åse og Sigurd for øyra at Avdemsbue skulle stengje frå 1. februar. Anna er ferdig med skulegangen til våren, og klar for nye utfordringar. Og bedrifta er klar til å gjere nye grep. Denne sjansen kunne dei ikkje la gå frå seg. Denne sommaren fyller Avdem gardsysteri 10 år. Tida var komen for eit nytt steg. Da ysteriet var under planlegging, var målet å foredle minst 100 000 liter mjølk i året, og kunne gi arbeid og anstendig lønn til i allefall to årsverk. I fjor vart 116 000 liter mjølk foredla, og garden og ysteriet utgjer til saman seks årsverk.

- Dette syner at lokal foredling av mat har store ringverknader, seier Sigurd.

No vert det «ho Anna på bu´n», i alle fall for eit års tid framover.

- Eg er heldig. Det er ikkje alle som kan gå rett frå skulebenken til ei butikksjefstilling, seier ho.

Med ny salgsavdeling og salgsansvarleg håpar dei på enda bedre kontakt med kundene, og å kunne arbeide også med nettsalg. Ambisjonen er at det skal vere opne dører og fersk kaffelukt på Avdemsbue heile året.

- Det er viktig å tenkje framover, å gjere ei omorganisering og rydde i bedriftsstrukturen er lurt, seier Anna.

Dei meiner god kvalitet på produkta, med god hjelp av ei lokalmatbølge og stor interesse for småskalaprodukt er grunnen til suksessen. No tel produktportefølja 13 forskjellige produkt. Fleire er det ikkje planar om, men dei arbeider kontinuerleg med å utvikle produkta dei har.

Ansvar for lokalmiljøet

Dei gler seg til å koma i gang «på bu´n», og synes det er viktig å ta seg god tid til å få alt i stand før opning.

- Vi er svært tilpasningsdyktige, og tek gjerne i mot tips til produkt, seier mor Åse.

Er det produkt som er ynskt på Avdemsbue, kastar dei seg rundt og ordnar det. Det same på ysteriet. Åpent Bakeri i Oslo likte godt yoghurten, men synes den var litt linn. Ikkje noko problem, tenkte ysterifolket. Dermed vart det drenert yoghurt til byfolket.

Det gamle på bu´n skal bevarast og heller bli forsterka. Avdemsbue ser slik ut som andre lokalmatutsalg prøvar å etterlikne.

- Vi har også eit ansvar for lokalmiljøet vårt. Tome hus i vegkanten er stusseleg. Avdemsbue har ei rik historie og eit unikt miljø, seier Sigurd.

Frå 1. februar stengjer dørene på Avdemsbue slik vi kjenner den i dag. Da har Astrid Stavheim (t.v.) sin siste arbeidsdag. Frå juni blir Anna Haugstad Avdem å finne bak disken i det nye lokalmatutsalget. Foto: Lokalavisa Vigga
Her er "o´Anna på bu´n". - Vi skal ha varer frå dei beste produsentane i heile landet, fortel Anna. Foto: Lokalavisa Vigga