Kake frå Norsk Tipping vart levert frå bakeriet tidleg i dag, og både kundar og tilsette fekk millionmarsipan om dei ville.

Veit ikkje kven det er

Men kven den glade vinnaren er, er det ingen som veit.

- Det einaste vi veit, er at vi har fått kake i dag, seier butikksjef Rita Lillesletten.

Vigga har gjennom Norsk Tipping freista å få karen som vann i tale, men det ville han ikkje.

Og det var det fleire av kundane på butikken som hadde stor forståing for.

- Men kan hende det blir vanskeleg å halde på det lenge, meinte Oddrun Dalheim, som sto bak tippedisken i dag. Dei bak disken veit heller ikkje noko om kven vinnaren kan vera.

- Kanskje vi kunne tenkt etter kven det kunne ha vore om vi visste kva dag han hadde levert, men det veit vi heller ikkje, seier ho.

- Er lykka brukt opp her no, eller?

- Tja, om det ikkje blir nye Verdal'n, så, ler Dalheim.

Vil ikkje snakke med Vigga

Pressekontakt Roar Jødahl i Norsk Tipping fortel at det er sjeldan Lotto-vinnarar er særleg lystne på å snakke med pressa, eller gå ut med namn. Og det er heller ikkje denne karen. Men Jødahl kan fortelja at mannen leverte kupongen den 15. mars, altså for ei god stund sidan. Gull-lottopotten var oppe i nesten 58 millionar kroner før trekninga 19. april, og då er alle som har spela lotto det siste kvartalet med i treknnga. Så også karen frå Dovre, som sit att med den nette sum av: to millionar to hundre og tredve tusen kroner.

Vi veit berre at vi har fått kake i dag, seier butikksjef Rita Lillesletten på Cop Marked Dovre. Foto: Lokalavisa Vigga