Dei som ventar på Mannen må smørje seg med tålmod.

Det er sjølvsagt fjellet Mannen i Romsdalen det er prat om. Det er snart tre veker sidan dei første bebuarane vart evakurerte. Dei får ikkje flytte heim, men Raumabana vert no opna for godstrafikk. Dette melder NRK Møre og Romdal. Dei siste vekene har det vore buss for tog mellom Bjorli og Åndalsnes, og godstoga har vore innstilte. Dette har medført store tap for godsselskapet CargoLink, samstundes som det har ført til ei stor auke i tungtransporten på E 136. Sivilforsvaret er også friteke frå sin lyttepost, men det er fortsatt opphaldsforbod i det skredutsette området.

Vil ikkje bombe

Fjellpartiet har bevega seg mellom 25 og 30 centimeter i løpet av oktober. For to veker sidan var geologane sikre på at eit ras ville kome i løpet av eit par timar. No har dei justert ned farenivået frå raudt til gult. Sjefsgeolog Lars Harald Blikra fortel til NRK at det no er større sjanse for at skredet vil kome på vårparten. Vassbombing av fjellet er ikkje aktuelt, da NVE meiner det er det sikraste at naturen får gjere denne jobben sjølv.