Kjem du som ukjend til Otta på leit etter legevakt eller kulturhus, kan du fort bli i beit for å finne vegen.

Vigga har fått signal om at både Lokalmedisinsk senter og Otta kulturhus kan vera vanskeleg å finne for dei som ikkje er kjend. Kulturhuset er det ikkje alltid livsnødvendig å nå, men til Lokalmedisinsk senter må alle i heile nordalen finne fram om dei skal til legevakta.

Har prøvd vegvesenet

Kommunalsjef Kåre Eide i Sel seier dei hadde eit møte med Statens vegvesen tidlegare, angåande plassering av skilt frå riksveg 15, som går frå E6 over høgbrua og dekkjer båe innfartsvegane til Lokalmedisinsk senter.

- Vegvesenet er svært reserverte for skilt som skal fange merksemd ved riksvegen, men vi er nødt til å følgje dette opp vidare og få til ei løysing på det, seier Eide.