Området i videoen nedanfor er heilt utbrent. Sjølv om det blussar opp småbrannar her, er ettersløkkinga no konsentrert om utkantane . Då Vigga var på plass, skulle innsatsen konsentrerast om den nordre kanten av brannområdet.

Stor innsats enno

- Det er viktig at vi er tilstades her no, i staden for å rykke ut på nye småbrannar i dagane framover, forklarar Håkon Nårstad, som er FIG (Fredsinnsatsgruppe)-leiar i Sel.

distriktsleiar i Oppland Sivilforsvarsdisrikt, Geir Fevang, fortel at det kjem ein ny gjeng til nattevakt i natt, klokka 18.00. Det er folk frå Sivilforsvaret på Gjøvik, som då skal overvåke brannområdet og dersom det blussar opp nokon stad, gå inn.

Dei som no er på plass er frå FIG Lom og FIG Sel.

- Det har vore gjort, og er gjort, ein kjempeinnsats her, dette er utruleg krevjande arbeid, tungt og varmt - og utan snarvegar, seier Fevang.

Håndarbeid

Brannsjef i Sel, Tom Are Nilstad, hadde heile mannskapsinnsatsen samla i Sivilforsvarsteltet som er hovudbase for sløkkingsoperasjonen. Der var det pizza og væskepåfyll, og ei orientering om status.

- Vi går gjennom kva vi har gjort, og så fordeler vi oppgåver etterpå, seier Nilstad.

Innsats etter pausa skulle rettast mot nordkanten, der det var svært varmt mange stader enno. Og alt skjer for hånd. Alt skjer no frå bakken, luftstøtte har dei ikkje lengre. Men det er lagt ut kilometervis med slangar i terrenget, kopla til pumper ved bekkefar.

- Ta med alle ryggsprøytene, og ta med varmekamera. Og ikkje bruk energi på å gå, bruk den i feltet. No transporterer vi ut og inn. Tryggleik; no er det meire vind, det er større sjans for ukontrollerte trefall, instruerer Nilstad før gjengen pakkar seg inn i terrengbilen til brannvesenet. Fire brannmenn frå Sel er med som gruppeleiarar.

Håkon Nårstad seier det framleis er stor varme i branntomta, vinden har auka, og ein må passe på oppblussing så det ikkje spreier seg.

- Det skal til mykje regn før det er til hjelp, ei skikkeleg rotbløyte er det vi treng, seier han.