Faggruppa som har hatt til mandat å legge fram forslag, har hatt to hovudmål i mandatet sitt. Brukarar av utmarka skal oppleva forenkling i møte med forvaltninga og sakshandsamingaKommunane skal få større ansvar og mynde innan utmarksforvaltninga.

Treng ikkje bli større

At kommunane bør vera større for å få overført større ansvar og myndigheit, vil ikkje Dovre og Lesja vera med på. Dei ønskjer også meir detaljerte og konkrete forslag til overføringar.

- Slik kommunane er organisert i dag, kan ein overta meir av dette, utan at det føreset ein kommune- reform. Utmarkskompetansen i kommunar med store utmarksareal er underkommunisert, går det fram av vurderinga frå både Lesja og Dovre.

Det kommunane ser grunn til å understreka, er at overføringa av oppgåver ikkje kan skje utan at det følgjer økonomiske ressursar med.

- Allereie i dag freistar vi å rettleie folk og hjelpe dei med å få fram søknader og liknande til rett instans, seier Marit Svanborg, som er plan- og miljørådgjevar i Lesja kommune.

Utmarkskommunanes Samanslutning (USS), der Lesja og Dovre er medlemmar, dreg også fram at for få kommunar har gjeve innspel før rapporten kom. Dovre og Lesja sluttar seg til dette, og held det også fram i sine uttaler.

Mindre kommunal representasjon

Eit av framlegga frå rapporten går ut på å slå saman verneområdestyre og villreinnemnder til utmarkstyre. I rapporten er det lagt vekt på at Utmarksstyret bør vera breitt samansett med eit avgrensa medlemstal. Grunneigarar, næringsinteresser samt miljø- og friluftsinteresser bør vera representert i samtlige styrer, heiter det i rapporten.

Vidare kjem det fram at det kan føre til at alle kommunar i verneområdet ikkje blir representerte til ei kvar tid. Det godtek ikkje kommunane.

- Det kan bli eit demokratisk problem, og svekke legitimitet og forankring. Det kan fort vera slik at representantar med eigeninteresser får stor makt, til samanlikning med folkevalde medlemmar i eit slik utmarksråd, som skal ivareta fellesskapets interesser, seier sakshandsamar Svanborg.

Utgreiinga syner uro for at utmarksstyret på den måten kan gå meir i retning av interesseorgan, og ikkje forvaltningsorgan. Kommunane vil heller behalde eit rådgjevande utval for faggrupper og interessegrupper.

Råderett over eigne verneområde

At kommunane skal få råderett over verneområde som i heilskap er innanfor kommunegrensene, er kommunane i sine utgreiingar positive til. I Dovre og Lesja er det allereie lokal forvaltning av verneområda ved nasjonalparkstyret.

I rapporten er det lagt fram forslag om at unnataks- og dispensasjonsføresegner i verneforskrifta kan bli delegert til kommunane, men dette uttrykkjer innstillinga skepsis til.

- Rådmannen meiner at ikkje alle unnataks- og dispensasjonsføresegner skal delegerast, fordi fleire saker er av ein slik karakter at dei kan skape presedens, og ha omfang og utstrekning som dekkjer fleire kommunar, heiter det.

Her meiner Lesja og Dovre det bør vera nasjonalparkstyra som får myndigheit, eventuelt framtidige utmarksstyre.

Det er likevel sett som positivt at meir blir delegert til kommunane, som har lokalkunnskap og spisskompetanse, så sant det følgjer midlar med.

Slik er det i dag:

Organiseringa i dovrefjellområdet kan brukast som eksempel på kor mange ulike nivå og grupper som på eitt eller anna vis er involvert i forvaltninga av området.

I tillegg til Dovrefjell nasjonalparkstyre, er det sju fjellstyre, tjuefire grunneigarlag, Statskog, to bygdeallmenningar, eitt utmarksråd og to villreinutval. I tillegg er fire fylkeskommuner, fire fylkesmenn, åtte kommunar og Miljødirektoratet under paraplyen.

Dovrefjell nasjonalparkstyre har i tillegg til hovudstyret også ei arbeidsgruppe, pluss eit rådgjevande faglag - med 36 medlemmar. I tillegg har styret to sekretærar der fylkesmannen har arbeidsgjevaransvaret. Statens Naturoppsyn, iNasjonalparker har seks senter i Dovrefjellområdet, og villreinnemndene for Snøhetta og Knutshø bestemmer jaktkvoter i området.

Mange ulike utmarkslover

I forvaltninga av utmark ligg mange lovverk til grunn.

Friluftslova gjev defininsjonen på utmark, og sikrar retten til allmenn ferdsle.

Naturmangfaldslova er altomgripande, og alle tiltak og inngrep skal alltid vera vurdert etter den. Verneområda er også heimla under denne lova.

Plan- og bygningslova styrer gjev grunnlag for bruk og vern av alle ressursar.

Forvaltningslova seier noko om fristar og handsaming av saker og søknader.

Fjellova styrer verksemd i Statsallmenningane - herunder fjellstyra.

Viltlova styrer forvaltninga av landpattedyr og fuglar, amfibiar og krypdyr.

I tillegg kjem Kulturminnelova, Skogbruksloven, Vassdragsreguleringsloven, Miljøinformasjonsloven, Forurensingsloven, Jordlova, Vegloven, Energiloven, Beiteloven og fleire.

FAKTA:

Regjeringa utnemnde i juli i fjor ei faggruppe til å legge fram forslag til forenkling av utmarksforvaltninga.

Rapporten frå gruppa kom i desember i fjor. Kommunane sender i desse dagar sine høyringssvar til rapporten.

Hovudmålet er at brukarar skal oppleve forenkling i forvaltning og sakshandsaming, samt at kommunane skal få større ansvar og mynde innan utmarksforvaltninga.

Faggruppa:

Eva Irene Falleth, professor Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU), leiar av gruppa,

Jørgen Hoffmann, pensjonist. Tidligere fast ansatt, nå engasjert på deltid i Statskog SF,

Nikolai K. Winge, førsteamanuensis i rettsvitenskap, NMBU.