- Det ville bli eit lyft og eit pluss for næringa, dersom ein samlar alt i eit felleskap, meiner Einar Utgård frå Lesja Senterparti.

Han trekkjer fram rådgjevingstenester, forsøksringar og anna.

- Det fins mange flinke folk og mykje kompetanse også utanfor landbrukskontoret, og saman med dei kommunale tenestene kan det bli eit nav for landbruksnæringa, meiner Utgård på telefon frå Senterpartiet sitt ekstraordinære landsmøte måndag.

På overtid

I morgon skal samanslått landbrukskontor vera drøftingssak under felles formannskapsmøte mellom Lesja og Dovre. Felles kontor har vore på agendaen lenge, også med utgreiing frå dei to landbrukskontora.

- Eg har tru på at det kan skje ei samlokalisering forhaldsmessig fort, det er jo eigentleg på overtid, seier gruppeleiar for Senterpartiet i Dovre, Odd Leif Angård.

Det er semje i Dovre Sp om at Lesja skal ha vertskap for landbrukskontoret.

- Det har jo også forandra seg kor mykje ein treng å koma innom kontoret, det meste blir levert via nett, seier han.

Han stadfester også at ein har lufta ideen om eit landbrukshus pluss, der ein samlar alle som driv med landbruksfag.

- Ein vinn-vinn situasjon for både landbruksnæringa og fagmiljøet, meiner han.

Realiseringa av det, kan bli lengre fram enn berre den kommunale tenestebiten, innser han, og understrekar også at ein ikkje må samle berre for å samle, men for at det skal bli betre tenester for næringa.

- Kva med lokalisering?

- Lokaliseringa må bli på kommunehuset i Lesja, på grunn av at nærleik til kommuneadministrasjonen er viktig, seier Angård.

- Ikkje berre Senterpartiet

Lesja-ordførar Steinar Tronhus (Ap) er heilt med på denne lina, og seier ideen om å jobbe mot eit landbrukets hus har eksistert ei stund.

- Det er nok ikkje berre senterpartiet som har hatt denne diskusjonen, dette har kome fram frå diskusjonar i ulike fora, meiner han.

Ordføraren understrekar at det må vera vegen å gå framover, og at ei fordeling av ulike tenester vil styrke Lesja og Dovre uansett korleis strukturen vil bli i framtida.

- Det er naudsynt å samle  fagmiljø, slik kan vi styrke lokalsamfunna våre, seier han.

Tronhus meiner det bør ligge til rette for at saka om felles landbrukskontor snart kjem til handsaming i kommunestyra.

- Veg oppfor Lesja-plassering

Bondelagsleiar Egil Romsås frå Dovreskogen, tykkjer naturleg nok at det beste hadde vore å ha alle tenestene på Dovre. Han innser likevel at ein må slå seg saman, og få eit større fagmiljø.

Ei fagmiljø med rådgjevartenester innanfor mjølkeproduksjon, ulike dyr, skogbruk, planter, kjøtproduksjon;  lista er lang. Dessutan er behovet for å fysisk reise innom eit slik kontor, mindre no enn nokon gong, sidan det meste blir levert via nett.

- Når ein ser på utviklinga, blir det stadig færre einingar, og ein ser at rådgjeving blir viktig også framover. Då vil eit samla fagmiljø der ein kan dra nytte av kvarandre, vega opp for ei plassering på Lesja, seier han.

Han peikar på at det er viktig å dra nytte av å samarbeide i eit område med nokon lunde like vilkår frå naturen, slik det er i Dovre og Lesja.

Særleg for dei unge som skal ta over, er det godt å veta at det er eit apparat der som tek vare på deg.

- Å drive landbruk er samansett og komplisert. Du kan ikkje ha all kunnskapen aleine. Det er kompleksiteten i det som gjer det både utfordrande og interessant å vera bonde, men det krev gode rådgjevarar, seier Romsås.