ARVE DANIELSEN/FJUKEN

Onsdag 13. august inviterer Fylkesmannen til to møter i Oppland; eit på Dombås og eit i Vågå.

Tema for møtet er å å diskutere tiltak for å redusere tap av sau til jerv. Alle brukarar og beitelag som har fått varsel av Mattilsynet om tiltak i 2014 og moglege beiterestriksjonar i 2015, er invitert.

Mattilsynet har varsla 21 saueprodusentar i Oppland om restriksjonar for sesongen 2015. Varselet er sendt til produsentar i blant anna Dovre, Lesja, Skjåk, Lom, Vågå og Sel kommunar. I tillegg er landbrukskontora i kommunane invitert, Mattilsynet og Statens naturoppsyn.

På møtet vil Fylkesmannen ta for seg statusen for bestandsnivå rovvilt, ekstraordinære uttak i regi av SNO og Miljødirektoratet i 2014. Representantar frå kommunane og beitelaga vil ta for seg situasjonen så langt i beitesesongen, og vurdering av aktuelle tiltak. Leiar av rovviltnemnda Ivar Odnes vil delta på møta.